Sett som startside
God stemning og god dialog i etterkant av inspirasjonsseminaret i Kvinesdal mellom innleiarane og Kvindølene

God stemning og god dialog i etterkant av inspirasjonsseminaret i Kvinesdal mellom innleiarane og Kvindølene

Vest-Agderkommunen er midt i ein spennande prosess for å utvikla framtidsvisjon mot 2022. Onsdag 4. november var 35 politikarar, tilsette og næringsdrivande frå Kvinesdal samla til inspirasjonsseminar på Utsikten Hotell. – Vi er midt i ein spennande prosess med tanke på å utvikla ein framtidsvisjon for kommunen fram mot 2022. Difor passa det svært bra å få besøk av Distriktssenteret sitt inspirasjonsseminar, seier rådmann Camilla Dunsæd.

Vil de ha heim kulturarbeidarar og den “kreative klassen” ?
Askil Holm var først ute. Han fortalde om sine erfaringar som ung musikar og gründer og kva han meiner må til for både å styrke omdømme til ein distriktskommune. Holm sin bakgrunn er frå musikarmiljøet i Namsos. Dette er byen som var kjent for å vera ein viktig sagbrukskommune og tok mot til seg for å laga ein visjon for byen. Namsos skulle bli Noregs viktigaste rockeby – Namsos Rock City. – Sats på ungdommen, som han uttrykker som den “kreative klassen”. Dei har ein anna tilnæring til heimplassen og til arbeidslivet enn eldre generasjonar. – Bruk difor kultur som katalysator for tilflytting og vekst, understreka Holm

Kvinesdal har eit godt utgangspunkt
Anne Mette Hjelle kunne fortelja forsamlinga at Kvindølene gjer mykje rett og bra, etter å ha lese seg opp på kommunen i forkant av inspirasjonsseminaret. De er motiverte og klar for å gå vidare, trur ho. Ho trekte fram 5 fordeler med eit godt omdømme som er viktig å ha med seg når ein kommune som t.d. Kvinesdal skal arbeide vidare.

  • Eit godt omdømme fungerer som “kollisjonspute” – når t.d. ei krise rammar kommunen 
  • Eit godt omdømme gir betre behandling av grupper som tilsette, innbyggarar, media, staten, andre politikarar, næringsliv… 
  • Eit godt omdømme gir fleire motiverte innbyggarar, politikarar, medarbeidarar og interesserte utanfrå (rekruttering) 
  • Eit godt omdømme påverkar flyttemønster og pendlarvilje 
  • Eit godt omdømme har betyding for dei unge sine utdanningsval 

Bygdemobilisering som motor for omdømmebygging
Per Arne Tveit har lang fartstid med bygdemobiliseringsarbeid. Forsamlinga nikka gjenkjennande på mange av dei utfordringane som små bygdelag har, når dei skal utvikla seg både internt og saman med kommunen som dei er ein del av. Optimisme og konkrete resultat av aktivitet i bygdene er viktig for å utvikle eigarskap til kommunen sitt omdømme. Det er også viktig for bygdene sjølve å ta hand om si eiga framtid, og då må dei også eit forhold til sitt eige omdømme.

Camilla Dunsæd har stor tru på at Kvinesdal har moglegheiter til å få i gang eit arbeid der omdømme er på dagsorden. – Inspirasjonsseminaret gav oss mange nyttige innspel og samstundes bekrefta fleire at vi har gjort mykje bra så langt. Berre det gir ekstra motivasjon, avslutta Dunsæd.

Bildetekst: f. v. Birte Fossheim, Distriktssenteret, varaordførar Per Sverre Kvinlaug, kommunalsjef Anne Berit Åtland Hansen, innleiar Per Arne Tveit, daglig leder Kvinesdal vekst Marije Heide, innleiar Askil Holm, kommunalsjef Jostein Røyseland, rådmann Camilla Dunsæd, kultursjef Jan Schou, kommunalsjef Geir Bruli, lokalpolitiker Marit Rasmussen, lokalpolitikar Sigmund Oksefjell, innleiar Anne Mette Hjelle og Roar Werner Vangsnes, Distriktssenteret

Av: Roar Werner Vangsnes (09.11.2009)

Skriv en kommentar

Få gravatar/ikon på innleggene dine

Ingen kommentarer

Skriv en kommentar


www.kvinesdal.no

Et samarbeid mellom Kvinesdal Vekst, Kvinesdal kommune og Vest-agder Fylkeskommune.