Sett som startside
En fremstilling fra nyere tid av de første norrøne nybyggerne på Island. Foto: Wikipedia

En fremstilling fra nyere tid av de første norrøne nybyggerne på Island. Foto: Wikipedia

I dette bygdesamfunnet ved Kvin skulle det ved 900-talet koma til dramatiske og blodige hendingar. Men for å forstå det dramaet som nå skulle utspelast, må vi og kjenna den sosiale bakgrunn og dei mennene som skulle delta.

Vikingtida hadde vore ei rik ekspansjonstid, serleg for kyststroka. Både fra ville plyndringsferder og fra meir fredelege handelstog kom nye varer og rikdomar til landet. Bygdene var små bondesamfunn med stor klasseskilnad. Dei fleste bøndene åtte nok jorda si sjø1ve. Ein del var og leiglendingar; dei leiga og dreiv andre si jord. Lågast stod trælane, som hadde lite og ingen rett.

Men rundt i kvar bygd sat det og rike høvdingar, ofte av stor slekt, som hadde vunne seg ære og heider ved vikingferder og handel. Dei hadde både økonomisk og sosial makt og var førarane i bygda.

Landet var oppdelt i fleire rike. Og i kvart rike var eit hierarki av slike stormenn. Den konge som da ville leggja under seg andre rike, og vinna større makt, måtte anten knusa desse høvdin gane, eller få dei over på si side. Og det var slik Harald Hårfagre gjekk fram.

Motstanden mot Harald var sterkast på sørvestlandet, i det riket som låg her, mellom Boknfjord og Tromøy, og med Oddernes eller Huseby på Lista som administrativt sentrum. Det var menn fra dette rike som Harald samla styrker mot, for til sist å slå dei i Hafrsfjord-slaget.

Fleire av desse høvdingane budde i Kvin, eller hadde tilknytning til bygda. Men vi veit at det var fleire høvdingætter i bygda, og ikkje alle gjekk mot Harald. Dersom det var strid mellom stormenn i bygda, og den eine slekta tok parti mot Harald, sa må det ha vore nærliggjande for den andre å ta parti for.

Grim Kolbjørnsen heitte ein mann som budde i Kvin. Han var son til Kolbjørn Snøype (”Snøype” tyder ”den som vanærer”). I sogene er Grim kalla herse, og han må ha vore av stormannsslekt. Det var ikkje uvanleg at stor-ætter frå grannerike blei inngifta med kvarandre, til dømes Agder og Rogaland, Hordaland eller Sogn og Fjordane. Slik blei aristokratiet bunde saman tvers over dei mindre riksgrensene. Og nettopp dette skulle skapa grobunn for ei rikssamling. Om Grim veit vi at han var i slekt med Arinbjørn herse i Firda-fylket (Fjordane).

Bror til Grim heitte Ingjald, og han har fatt tilnamnet ”den tryggve” – den trufaste. Han var gift med Gyda. Men det er Grims uvener som har skreve soga. Og medan Ingjald har fått eit godt ettermaele som ein fredsæl og trygg mann, har Grim gått over i soga som ein omsynslaus og svikefull opportunist.

Ingjald og Grim hadde ei søster. Om henne veit vi bare at ho hadde ein son, Torgeir, som og budde i Kvin, og som tykkjest å ha teke parti for Grim.

På ein gard like nær Ingjald budde ein annan stormann, den mektige Ondott Kråka, son til Erling Knyte. Han var ikkje herse, men likevel ein framståande mann i si bygd. Ondott var gift med Signy, datter til Sigvat, som var ein mektig mann i Lier (nær det som nå er Drammen). Dette er eit nytt døme på korleis stormannsslektene knytta band utover landet ved ekteskap. Ondott og Signy hadde Sønene Åsmund og Asgrim.

Vi må sjå på Ondott og Grim som dei to største bondehøvdingane, og som hovudmennene i det dramaet som nå skulle utspelast i det garnle Kvin. Vi kjenner også andre menn fra Kvin på denne tid, men dei står oss ikkje så nær og tykkjest å ha spela ei langt mindre rolle i si tid.

Islandsk: Landnámabók. Sagan Landnama vm fyr stu bygging Islands af nordmønnum

Islandsk: Landnámabók. Sagan Landnama vm fyr stu bygging Islands af nordmønnum

Kvar budde så desse mennene? Etter Landnåmabok budde Grim i Kvin, men Ondott og Ingjald budde ”i Kvinesfjorden”. Av dette kan ein snautt slutta meir enn at Grim budde lenger inne i bygda enn dei to andre.

Vi veit ingen ting om bakgrunnen for den striden som var mellom Ondott og Grim. Om det var gamle ættefeider og personlege motsetningar er det uråd å seia. Men soga tek til med at ein framand kjem til bygda.

Bjørn Rolfsen kjem til Kvin.
Bjørn Rolfsen var son til Rolf frå Ani. Han kom fra Gautland, det som nå er Götaland i Sverige. Bjørn var gift med Liv. Ho var av kongsslekt, og dei hadde sonen Øyvind. Øyvind drog på vikingferd i vesterveg, og heldt seg mykje i Irland. Då han kom austfra—fra Sverige—fekk han tilnamnet Øyvind Austmann.

Bjørn hadde lege i strid om noko jordegods, og då han ikkje fekk det han meinte å ha rett på, brente han motstandaren sin inne. Deretter reiste han fra landet. Soga fortel at han let kona vera att for å styra eigedomane sine. Bjørn har vore ein rikmann. Men når det heiter at han tok med seg så mykje som 12 hestar kunne bera ned til båten, så er dette frodig folkedikting.

Bjørn reiste så over Skagerak til Grim Kolbjørnsen i Kvin. Kvifor han drog nett til han, er oss heilt ukjent. Men det er vel truleg at det var eit eller anna kjennskap eller slektskap mellom han og Grim. Det er lite truleg at han skulle dra over havet og ta inn hos ein framand mann.

Vi høyrer og at Grim tok vel mot Bjørn, og let han bu hos seg heile vinteren. Men så fortel sogene at Grim fekk hug på rikdomane til framandkaren, og leiga ein mann til å gjera av med han. Og ei mørk natt vakna Bjørn ved at ein mann stod bøygd over han med drege sverd. Han for opp, klarte å avvæpna han, og mannen vedgjekk at han var leiga av Grim til ugjerninga.

Etter dette ville ikkje Bjørn bu lenger hos Grim. Han tok med seg varene sine og flytta straks til Ondott Kråka. Også Ondott tok vel i mot han, og her fann også Bjørn seg meir til rette. I fleire år blei han buande her. Om varen rusta han ut langskipa sine og drog i vesterveg på vikingferd. Seinhaustes kom han inn Kvinesfjorden att. Og vinteren igjennom fortalde han nok om sine eventyr på vikingtoga. Så ein dag fekk han spurlag at Liv var død i Gautland. Etter ei tid blei han gift på ny med Helga, som var søster til Ondott. (Etter Grette Åsmundssons saga var Helga datter til Ondott, men dette er truleg ei mistyding som har kome inn i soga da ho hadde gått på folkemunne ei tid.)

Bjørn var nå blitt eldre, han var lei av vikinglivet og sette større pris på å vera heime med den nye kona. Da sonen Øyvind Austmann ein dag kom seglande inn Kvinesfjorden for å vitja far sin, let Bjørn sonen overta krigsskipa hans. Øyvind Austmann drog så tilbake til Irland, der han blei gift med ei kongsdatter og blei ein framståande mann.

Med Helga fekk Bjørn sonen Trond, som må ha vore bade fødd og oppvaksen i Kvin, i eit miljø av store vikingar. Og Trond drog og i viking, i vesterveg. Her blei han kjent med rogalendingen Ånen Ufeigsson – ”ein stor viking som herja vest om havet”. Dei var vapenbrør og herja saman på mange tog.

Hafrsfjord-slaget.
Medan dette hende i Kvin, hadde Harald Hårfagre lagt rike etter rike under seg. Og da han hadde sikra seg det meste av landet, kjende han seg sterk nok til å gå mot riket i sør, som nok på si side hadde støtte fra Danmark. Det var her motstanden mot Harald var sterkast. Og medan Harald stemnde sørover, samla høvdingane seg til kamp.

Mange av dei mennene som Snorre nemner i soga om Harald Hårfagre, er nok bare sagnfigurar. Men fleire namn går att i andre kjelder, slik at vi veit at dei har levd. Mellom dei er Kjøtve den rike og Tore Haklang, som nok har vore førarane. Halvdan Koht meinte at Tore truleg var ein dansk høvding.

På denne tid var Ånen Ufeigsson og Trond Bjørnson komne heim frå vikingferd. Dei gjekk straks med i kampen mot Harald. Og sogene fortel at dei kravde at dei ville kjempa ved sida av Tore Haklang, for der ville striden bli sterkast. Skip etter skip samlast til slaget, vikingar som hadde stridd i ville vikingtog i vesterveg og som nå kom heim for å vera med i kampen, saman med høvdingar fra heimlandet. Og så stemnde skutene mot vest:

”Storskip kom austantil
budde til strid
med gapande hovud
og gravne stamnpryde,
stuva med storkarar
og skjoldar kvite,
vesterlandske spjot
og velske sverd.”

Slik skreiv Harald Hårfagres hoffskald, Torbjørn Hornklove, som sjølv truleg hadde sett floten. Og l000 år seinare prøvde ein annan norsk diktar å skapa fram eit stemningsbilete frå denne tida:

”Da flokkes egder, teler, horder, ryger,
da skinner spilte seil langs Listers strand;
der stritter vimpler, skum for stevnen fyker,
og som de rundt om Jeder-revet stryker,
der bæres hese hærskrik inn mot land.
De søker Haralds flokk. Nu skal det fristes
om hevdens tre fra farfars tid tør kvistes.
To tanker går i stål i mot hinannen;
to tidehverv vil skifte hvasse ord. –
Fra løftningen ser Roald Rygg mot nord;
Kong Kjøtve bryner sverd mot skjolderanden:
Litt frem ennu! I Hafrsfjord venter mannen.”

Hafrsfjordslaget var blodig. og den hardaste kampen tykkjest å ha stått mellom Harald og Tore Haklang. Da Tore blei drept, gjekk kampen over på skipet som låg ved sida, Ånen Ufeigssons båt. Ånen stod med ein fot oppe på skipskanten og slo godt om seg.

Men da han bøyde unna for eit spydstikk, fekk han eit hogg av eit sverd nedafor kneet og måtte berast over på neste skip. Og det var kvinværingen Trond Bjørnsen. Det var nå klart at dei hadde tapt slaget. Trond kunne bare dra skipa sine ut av kampen, og det var teikn til almen retrett.

Det var nå ikkje tvil: Harald hadde slått Agder-riket, og var herre over det meste av kystlandet. Og det ville vera svært utrygt for Trond Bjørnsen – ein av dei verste motmennene til kong Harald å dra heim til far sin i Kvinesdal. Om han var der i det heile, veit vi ikkje. Men vi veit at kort tid etter slaget stod Trond sine skip med kurs vestover, mot Suderøyene ved Skottlands nordkyst. Med på skipet var våpenbror hans, Ånen Ufeigsson. Skaden han fekk i Hafrsfjord var så ille at han miste det eine beinet nedafor kneet. Men han fekk laga seg ein protese av tre, og sidan blei han heitande Ånen Trefot, fortel soga.

Ånen og Trond var klar over at dei, som motmennene til Harald, hadde tapt den eigedom dei åtte i Noreg. Harald Hårfagre tykkjest å ha nytta sumaren etter Hafrsfjord-slaget til å leggja under seg landa til dei småkongane han hadde slått, og til å setja inn sine menn i nøkkelstillingar. Over Agder-riket blei Audun innsett som jarl. Under han stod herser rundt i bygdene, og det ser ut til at Grim Kolbjørnsen har nytta høvet og blitt ein trugen kongstenar.

Men Trond og Ånen hadde ennå ikkje gjeve opp vona om a vinna att det dei måtte ha mist. Dei drog til den mektige Geirmund Heljarskinn på Island, ”den framste av vikingane vest for havet”, ein stormann fra Hordaland som hadde blitt nøydd til å dra vest. Geirmund hadde mista sine eigedomar til kong Harald, og dei baud nå han si hjelp dersom han ville ta opp kampen på ny. Men Geirmund var lite lysten på meir strid; han var for gamal til kamp og meinte at Harald nå var alt for sterk.

Dei gav derfor opp planane sine førebels og drog saman på vikingferd på ny. Ei tid herja dei i Skottland. Eventyra som er skildra i Grette Åsmundssons saga om desse to, har vel ein historisk kjerne, men dei har nok og fått ein svip av folkedikting.

Etter ei tid drog dei til Irland. Trond traff halvbror sin, Øyvind Austmann, og desse tre var saman ein sumar i viking. Nå hadde Øyvind busett seg i Irland. og han gjorde avtale med Trond om at Trond skulle få arven etter faren, Bjørn, som levde sine gamle dagar i Kvinesdal. Utpå hausten vendte så Ånen og Trond tilbake til Suderøyene.

Tilbake til Kvin.
I Noreg bygde Harald ut sitt herredøme over landet. Rundt i bygdelaga sette han sine menn inn i leiarstillingar. Og som vi har sett, blei Grim Kolbjørnsen herse hans framste mann i Kvin. Kvar Ondott Kråka stod i denne striden, veit vi ikkje. Men hos han budde Haralds motmann, Trond Bjørnson sin far, Rolf, og denne var til og med gift med Ondott si syster. Bare dette måtte skapa ei viss motsetning.

På denne tid døydde Bjørn Rolfsen. Og Ondott Kråka tok det som var etter han i forvaring. Men Landnåmboka fortel at Grim ville at kongen skulle ta Bjørn sitt gods. Etter rettssynet på Harald si tid, var dette naturleg. Bjørn hadde ein arving, og han hadde reist or landet. Dessuten var Bjørn utlending. Grim gjorde derfor, i kongen sitt namn, krav på å få utlevert arven.

Om Ondott na sende bod vestover, veit vi ikkje, men det er helst truleg. For Trond fekk vita at faren var død, og rusta straks ut sine langskip til ferd til Kvin, saman med Ånen. Dei segla mot aust med god bør, fra Suderøyane til Kvinesdal. Skipa pløgde Nordsjøen i rivande fart. Forteljinga om den raske ferda blei kjent, og Trond blei sidan kjend som den ”mjoksiglandi” – Trond Snarseglaren.

I Kvin blei dei vel mottekne av Ondott Kråka, som var morbror til Trond. Og Trond fekk farsarven utlevert. Men Ondott la til at han var glad det var han som fekk arven, og ikkje ”dei kongelege trælane”, som han kalla Grim herse og mennene hans. Og han åtvara Trond og bad han fara att. Han følte seg ikkje trygg på Grim herse.

Trond reiste att, og busette seg i Trandarholt på Sør-Island. Det ser ut til at han aldri meir kom til Kvinesdal.

Grettes saga fortel at Ånen etter dette drog vest til Rogaland. Han ville helsa på slekt og vener og elles få ordna med eigedomane sine der borte. Og slik skildest dei. Men soga legg til at Ånen skal ha lova Trond, at dersom slektningane hans i Kvinesdal kom i vanskar, skulle han hjelpa til. Det er uvisst om vi kan leggja noko som helst vekt på dette.

Grim herse går til åtak.
Grim var nå den mektigaste mannen i dalen. Den framste uvenen hans var Ondott. Men Grim kunne rekna med hjelp både frå jarl og konge. Ondott ville ha få vener i ein strid mellom desse to høvdingane.

Etter det sogene fortel, hadde Grim ein gong før prøvd å ta livet av Bjørn Rolfsen for å få rikdomane hans. Kanskje kan vi ikkje lita på den kjelda. Men då Bjørn døydde ein naturleg død, prøvde han som kongeleg lendmann å tiltvinga seg arven. Også det mislukkast. Og i begge tilfellene var det Ondott Kråka som kom i vegen for planene hans. Dette var så godt som å underskriva sin eigen dødsdom for Ondott. Ja, det ser alt ut til at det var lagt planar om å avliva han. Landnåmboka fortel at jarlen, Audun, hadde gjeve ordre til dette. Vi kan bare undrast over at Ondott våga å bu i bygda. Det tyder på at stillinga på ingen måte har vore avklara, og at det frarnleis har vore stor uvisse om kven som eigenleg styrde. Og kongsmakta kan ikkje ha vore så absolutt utover bygdene.

Det leid mot vinters og ølet skulle bryggjast. Ein dag var Ondott ute i skogen med nokre få menn for å henta ved til brygginga. Grim visste om dette. Han overfall og drap Ondott i skogen.

Det var nå utrygt også for familien til Ondott. Enka, Signy, kunne kanskje vona på at ho som kvinne var trygg. Men dei to sånene Åsmund og Åsgrim, kunne ikkje vera trygge. Grim måtte rekna med at dersom han ikkje fekk dei or vegen, ville dei hemna far sin.

Signy har nok også tenkt slik. Med ein trugen hjelpesmann, Steinar, sende ho gutane til Sogndal, til fosterfaren Hedin. Men sjølv drog ho same natta med eit langskip til Lier, til far sin, Sigvat. Dei måtte rekna med at kongen ville leggja under seg garden.

Grim sette etter henne med to skip. Aust for Lindesnes stod han dei att. Men det var uråd å finna gutane pa skipet. Han drog så til Sogndal for å leita etter dei hos Hedin. Hedin må ha tenkt seg denne utviklinga, for han let gutane bu i ei jordhytte. Grim prøvde å lura ut av sønene til Hedin kvar gutane var. Den eine gav han pengar. Men han gjekk til faren med pengane og kom ikkje att. Den andre spelte gal og slapp da å bli spurt ut. Grim våga ikkje å gå til åtak på Hedin – kanskje hadde denne for stor støtte i bygda – kanskje trudde han ikkje sine eigne menn. I alle fall laut han dra tilbake til Kvinesdal.

Åsmund og Åsgrim budde i jordhola til utpå hausten. Heim kunne dei ikkje dra; einaste utvegen tykkjest vera Lier, til mora og morfaren. Men dit var det lang veg, og over land kunne dei ikkje fara. Dei planla å gå ut til kysten og få båtskyss derifra. Men dei gjekk vill, streifa rundt i frost og kulde, øydela skorne sine og leid mykje vondt fær dei til slutt kom fram til hus. Men det viste seg å vera heimbygda: dei stod og såg utover Kvin, mot garden dei sjølv kom frå, og som Grim herse nå hadde tatt.

Men på ein av dei næraste gardane budde Ingjald tryggve. Sjølv om denne var bror til Grim, hadde han vore ein god ven av Ondott. Dit gjekk dei, og kona, Gyda, kjente dei straks att. Ho fekk overtalt mannen til å ta i mot dei. Og resten av vinteren budde dei under anna namn hos Ingjald.

Det er nemnd at Harald hadde sett ein av sine menn, Audun, til jarl over Agder. Og denne sumaren skulle han til Kvin. Her skulle Grim herse laga eit stort gilde for han. Og da det leid fram mot tida da jarlen var ventande, dreiv Grim og mennene hans og stelte og brygde øl og gjorde alt i stand.

Om det som fylgde nå, er kjeldene ikkje i samsvar. Soga om Grette Åsmundson lar Ånen Trefot koma til Kvinesdal og ta del i soga. Men i Landnåmsboka er han ikkje nemnd. Ånen har fått ein sentral plass i første del av Grettes saga, og det er truleg at han har fått æra for eventyr som han ikkje har vore med på.

Men alle kjeldene samstavast om at dei to sønene til Ondott, Åsmund og Åsgrim, lurte seg inn på garden til Grim og brente han inne med 30 mann. Dei røva også med seg ein del gods. Åsmund og Åsgrim gjekk tilbake til Ingjald og fortalde Gyda kva dei hadde gjort. Ho sa det vidare til Ingjald. Og denne kunne bare gjera eitt: han ba dei reisa vekk og aldri visa seg for han meir. Gutane tok da ein båt og rodde ut til nokre øyer som lag like nær.

Audun jarl kom til avtalt tid. Han sakna venen sin straks, står det i soga. Og han blei verande der nokre dagar. Han sov i eit hus nær stranda. Ikkje langt frå låg langskipet hans fullt rusta med mennene hans. Ei natt sneik gutane seg fram til huset, braut seg inn til jarlen, og medan Åsmund heldt mennene som stod vakt, sette Åsgrim spydet for brystet til jarlen og kravde bot for far sin. Jarlen gav han gullkjedet han gjekk med om halsen, tre gullringar og ei silkekape. Åsgrim sparte nå jarlen sitt liv, men sa før han gjekk at han frå nå av skulle heita ”Audun geit”.

Gutane drog så ned til båten og rodde ut fjorden. Jarlen sine menn heldt på å ta dei att. Dei kasta så kappa i sjøen, slik at forfylgjarane trudde dei hadde drukna og snudde.

Kor mykje vi kan tru på denne soga, er uvisst. Den soga som er var kjelde, er skrive av menn som har Åsgrim og Åsmund som kjelde. Og det er nærliggande å tru at dei på Island har dikta opp ei soge om korleis dei hadde audmjuka jarlen og narra mennene hans.

Etter dette drog dei til ein lendmann som heitte Erik Ølfus. Han budde i Surnadal – truleg ei mistyding for Sirdal. Og han tok vel i mot dei. Vi ser såleis at Haralds motmenn ikkje mangla støtte i riket, og det er vel truleg at Harald ikkje i eitt og alt var heilt populær hos folket i Agderfylket, og at mange framleis kunne gje støtte til sine gamle høvdingar. Gutane budde ei tid hos Erik, men også dette opphaldet tok slutt. I eit gilde hende det at ein lendmann som heitte Hallstein, slo Erik Ølfus med eit drikkehorn. Åsgrim gjekk laus på Hallstein og såra han. Men etter dette måtte han røyma for Hallstein sine huskarar. Dei skaut etter han, og såra han med pilene sine. Åsgrim sumde over ei halvt islagd elv og fall om på andre landet, utsliten av kulde og blodtap. Men det heiter i soga at han blei redda av ei kone. Ho slakta ein kalv og la innmaten med sida av guten, slik at Hallstein sine menn trudde han var død. Etter det fekk ho han inn i eit jordhus, og stelte han til han var frisk att.

Men Åsmund hadde bare fått vita at mennene til Hallstein hadde fylgd etter og drepe bror hans. Erik rådde han til å dra ut – det var inga framtid for han i Noreg lenger. Så Åsmund slo seg saman med Ånen Trefot og segla til Island.

Kva som nå hende i Kvinesdal, er uvisst. Både Grim herse og Ondott Kråka var drepne. Det er truleg at kongen har fått nye menn han kunne lita på, og at også Egdefylket med kvart blei ein lojal provins i riket hans. Søsterson til Grim, Torgeir frå Kvin, har kanskje blitt ein stor mann i bygda. Men livet heime i Kvin glir nå inn i eit historisk mørke for oss.

Kvindølene på Island.
På Islands nordkyst skjer den djupe Eyafjorden seg inn i landet. I dag ligg byen Akkureyri, nest største byen på Island, inst i fjordbotnen. Ved denne fjorden budde Nordlandets mektigaste menn i det første hundreåret etter landnåmet på Island var kome i gang. Den framste av landnåmsmennene her var Helge magre. Han var son til Øyvind Austmann, og derfor (halv-)bror til Trond Bjørnsen. Helge tok land her, og delte etter kvart landet rundt fjorden til slektningar og vener.

Hit kom Åsmund og Åsgrim. Dei var søner til Ondott Kråka, og dei var derfor kalla Kræklingar. I den tid blei slektskap rekna langt bakover i tida. Ondott Kråka var svigerfar til Bjørn, som var farfar til Helge magre, såleis var dei innblanda i same slekt.

Det var Åsmund og Ånen Trefot som kom først. Det var andre kvindøler saman med dei:

Botolf frå Kvin, son til Grim Grimulfson, reiste og til Island. Han hadde sønene Skjegge og Tore keilesmule med Torunn, og Skjegge var med han over havet. Botolf blei her gift med datter til Helge magre, Torbjørg Holmesol. Dei fekk ei datter, Torgerd, som seinare blei gift med Åsmund.

Åsmund fekk anvist jord av Helge magre på vestsida av fjorden, ved Glerå. Denne garden fekk namnet Kræklingalid.

Skjegge Botolfson blei gift med Helga Torgeirsdatter. Dei fekk jord i Miklagard, inne i landet sør for Eyafjord.

Sidan brørne skildest hos Erik Ølfus, hadde ikkje Åsmund hatt kontakt med Åsgrim, og trudde han var død. Men da Åsgrim var frisk etter såra, drog han attende til Erik. Erik hjelpte han til å skaffa seg eit langskip, og Åsgrim drog nå ut på vikingferd i nokre år.

Dette kom nå kong Harald og kongsmennene for øyre. Dei hadde og rekna med at åsgrim var død og borte. Søsterson til Grim, Torgeir frå Kvin, blei vald som leiar for eit lag som skulle ut og finna Åsgrim og ta livet av han. Men det var uråd for dei å få spurlag på han. Dei samrådde seg og fann ut at dei i staden skulle dra til Island for å avliva Åsmund. Dei gjekk i land ved Eyrar på sørkysten av landet, nær staden der elva Ølfusa renn ut i havet. Han og mennene hans drog så mot nordaust – mot Eyafjord gjennom eit øyde og uvegsamt landskap der det er vanskeleg å koma fram. Vinteren over var dei i ein avstengt fjelldal. Denne blei sidan kalla kvinværingane sin dal, Hvinverjadal.

Sommaren etter kom også Åsgrim til Island. Han var saman med Tore Botolfson keilesmule, og dei åtte skipet i lag. Men på vegen hadde dei blitt uvener. Og då dei kom til Eyribakke, selde Tore sin del av skipet. Han fekk spurlag på Torgeir og mennene hans. I Hvinverjadal nådde han dei att og fortalde at Åsgrim nå var komen til Island.

I mellomtida hadde Åsgrim vitja Trond Bjørnsen. Trond budde og på sørkysten, i Trondarholt vestafor Tjorså. Trond skal ha åtvara Åsgrim, han hadde og høyrd om Torgeir sine planar. Men Åsgrim tok med seg mennene sine, 12 til saman, og dei drog over fjella mot nordaust. Då dei kom nær Kvinverjadal, lot Åsgrim mennene ta på seg brynjer under reisekappene.

Her låg Torgeir på lur med 3 mann. Men soga seier at Åsgrim klarte å få Torgeir til å tru at han var Tore som var på veg nordover att. Og slik kom han framom dei og fekk eit forsprang. Då sanninga gjekk opp for Torgeir, sette han etter. Og eit stykke framom Blanda-elva sitt utspring, ved Vekilshaug, tok dei att Åsgrim og mennene hans. Men da var det for seint. For Åsmund hadde fatt bod om at broren var ventande og hadde reist han i møte med 40 mann. I staden blei det mekling, og Torgeir og Åsgrim slutta nå fred.

Etter ei tid drog Åsgrim attende til Noreg. Her fekk han Gerd, datter til Erik Ølfus, til kone. Dei drog sidan tilbake til Island og busette seg på Kræklingalid. Her budde Åsmund sør for Glerå og Åsgrim på nordsida. Åsmund blei, etter som soga fortel, seinare gift med Torgerd, datter til Botolf.

Vi høyrde at Ånen Trefot og Åsmund drog til Island i saman. Men i ein storm på nordkysten dreiv skipa fra kvarandre. Åsmund kom inn i Eyafjord og fekk jord her. Ånen dreiv unna veret i nokre dagar, og kom så inn på vestkysten, der han fekk jord ved Reykjafjorden, i Kalbak. Om han er sagt: ”han er den frægaste og kjappaste einføtte mannen som hev vore på Island”. Sonesonen hans var Grette Åsmundsson. Om han har vi ei kjend islandsk ættesoge: ”Soga om Grette Åsmundsson”. Dette er ei av dei mest spanande og mest leste islandske ættesoger. Kor gamal denne soga er, er uviss. Meiningane skifter, frå dei som held på at ho er skriven i det 12. hundreår e.Kr., til dei som held på om lag år 1300. Ingen av dei håndskrifter som ein har i dag, er eldre enn frå det 15. hundreåret.

Det er denne soga, supplert med Landnåmabok, Hauksbok og Skardarbok, som har gjeve oss dette biletet av livet i det gamle Kvin. Og når desse sogene er skrivne kanskje over 200 år etter at hendingane gjekk føre seg, er det klart at det vil vera detaljfeil, sjølv om den munnlege tradisjon stod langt høgare i kurs enn vi er vane med. Men vi har sett at det er ulikskap i den form forteljinga har fått i dei ulike bøkene.

Kor mykje kan vi då tru på sjølve handlinga i denne soga? Her skal vi hugsa at det er ei soge om eit fargerikt tidsrom, då kongsmennene og motstandarane stod svært hardt mot kvarandre. Og denne soga er ført i pennen av dei som kom til Island. Dei var etterkomarane til dei som tapte striden. Det er naturleg at dei har gjeve sine slektsfedre eit vakkert bilete. Vi ma rekna med at Ondott Kråka og slektningane hans ikkje er nøytralt skildra. Og det kan nok tenkast at Grim herse ikkje var det uhyre som soga har skildra.

Men det er truleg ei historisk kjerne i denne soga: Grim og Ondott har levd i Kvinesdal samstundes. Bjørn Rolfsen har vitja Ondott, og har fått ein son med hans syster, det var Trond Bjørnson. Trond stridde mot Harald i Hafrsfjord og måtte røyma landet. Då faren døydde, var det skikken i tida at kongen hadde rett til å krevja inn arven etter utlendingar og menn som hadde reist vestover havet. Dette måtte Grim gjera, som kongens tenar. Men dette førde på si sida til valdshandlingar, både Ondott og Grim blei drepne, og sønene til Ondott, Åsgrim og Åsmund, måtte røyma til Island og busetja seg der. Garden fekk namnet Kræklingalid.

Den finare utsmykkinga av soga kan for ein stor del vera oppdikta; kor mykje som er sanning, vil ein aldri få vita. Men om ein mistrur detaljane i denne dramatiske soga, kan ho likevel i den utforming ho har fått, gie oss eit levande bilete av den hardaste omvelting som denne bygda har opplevd. Om vi skulle velja å tru kvart ord, så er vi kanskje likevel ikkje så langt frå den historiske sanning.

Av: J.A. Aarli

Kilde: Kultursoga.

Les mer på:

Kvinesdal Historielag sin tur til Island

NRK; Islandske kvinner har britisk opphav

Skriv en kommentar

Få gravatar/ikon på innleggene dine

5 kommentarer til “Uro i det gamle Kvin”   |   Skriv en kommentar

  1. Knut-Petter
    3. februar 2010
    kl. 11:35

    Heisan. Det hadde vel vært spennede å laga til et “spel” , en ute dramatisering av dette, som skjedde i Kvin, som en sommer begivenhet på Utsikten med fjorden i bakgrunnen. Noe i likhet med spelet om Olav den heilag. Ja det er en del slike dramatiseringer rundt om i Norges kommuner.
    Fint innlegg forresten.

    Varsle
  2. admin
    3. februar 2010
    kl. 19:25

    Det var en god ide! :)

    Varsle
  3. 3. februar 2010
    kl. 22:22

    Kult, spurte min bror Ole Z. om den historien for noen dager siden. Sender den til noen venner paa Island.

    Varsle
  4. admin
    3. februar 2010
    kl. 22:27

    Det hadde vært gøy å fått materiale fra den siden ja! Kanskje noen bilder fra dagens Hvinverjadal eller noe sånt. Vet også det finnes en del etterkommere som er klar over denne historien som lever på Island nå.

    Varsle
  5. 8. februar 2010
    kl. 06:03

    [...] var et interessant innlegg Johan Ånen Aarli hadde om uro i det gamle Hvin og om nordmenn som tok landnåm på Island. I artikkelen nevner han at Skjegge Botolfson ble gift [...]

    Varsle


www.kvinesdal.no

Et samarbeid mellom Kvinesdal Vekst, Kvinesdal kommune og Vest-agder Fylkeskommune.