
Ikkje mange bygder fostret så mange gjætara som Kvinesdal hevda Ånen Årli. Foto/Copyright: Penelope Film AS
Det er snart tid for premiere på barnevandringsfilmen Yohan og vi har derfor funnet en artikkel i Kultursoga om nettopp dette emnet. Premieredato for filmen er satt til 26. mars og Kvinesdal kommune skal verte åpning av barnevandrings stiene i Årli 4. juli. Selveste Kongehuset er invitert. Det er også interessant å lese historien bak filmen som har klare likhetstrekk med Ånen Årli sin beskrivelse i Kultursoga fra 1972.
Har du som leser historier eller annen faktainformasjon å bidra med til denne artikkelen så setter vi stor pris på at du legger inn en kommentar nederst.
Ånen Årlis skildring frå Kultursoga – BORT OG GJÆTA:
Dette var i dei gode, gamle dagar. Det er så lenge siden at det er eit eventyr for dei unge i dag. Eventyret er sant, for det lever folk i 1970 som har vore gjætarar i Fjotland, Eiken og Hægebostad. Dei seier at dei har mange gode minne fra gjætlebakken og frå dei folka dei tente hos. Så seint som i 1914 reiste det hjuringar over heia til Hægebostad.
For 80-90 år sidan var det hard kamp for tilværet. Det var ikkje bare vaksne som måtte ut til andre bygder og søkja etter forteneste. Når barna blei 8-9 år gamle, måtte dei ut og gjæta i heimbygda. Dei reiste sjeldan austover før dei blei 11-12 år gamle. Kvar vår kom det agentar som skulle festa hjuringar. Barna skulle få opp til 10 dalar i løn for sommaren og alle skulle koma til snille menneske og få det godt. Det var ikkje alle foreldre som sende barna sine ut i det ukjende. Dei som hadde god råd, heldt barna sine heime, men mange barn bad om lov til å koma ut og tena nokre kroner. Ein veit ikkje kor mange gjætarar som var ute årlig.

Skulen blei forsømt til fordel for gjæting og løn til å redda familien frå fattigkassen. Foto/Copyright: Penelope Film AS
Dei tok opp manntala om hausten etter at gjætarane var kome heim. Heller ikkje veit ein kva tid desse ”barnevandringane” austover begynte. Ein gut fra Moi blei konfirmert i Konsmo i 1809. Det var vanlig at gjætarane blei konfirmerte i andre bygder.
Dei som var ute og gjætte, måtte forsømma skulen både haust og vår. Sokneprest Brochmann skreiv i 1854: ”Om Sommeren indtræde imidlertid endnu, større hindringer for Skolen, da alle Børn fra 11- 12 Aars Alderen maa ud for at gjete. Her findes nemlig ingen Hegn for Markene og Foreldrene have ikke Leilighed til at holde Børnene hjemme, disse maa ud paa Gjetetjeneste, ofte til fremmede Sogne, og erholde de foruden Føden 3 til 5 Speciedaler for Sommeren.”
Det var ikkje mange kroner dei fekk for å gjæta i heimbygda. Ofte var det bare maten og litt klede. På Austlandet, det ville segja bygdene rundt Kristiansand, fekk dei opp til 40 kroner i løn for sommaren. Desse kronene var ofte nok til å redda heimen for å bli selt på tvangsauksjon og familien koma på fattigkassen som var den største skam ein kunne koma ut for. Faren kom ofte og henta løna for barna sine.
Det er lite ein veit i dag om desse stakkarane som måtte gjæta heile sommaren. Mange lengta slik at dei rømte heim att. Her hjalp korkje tårer eller løfte om å vera flinke og snille, fekk dei bare vera heime. Foreldra måtte gjera seg harde og jaga barna tilbake. Det var ei stor skam å røma frå tenesten.
Lærar Samuel Egeland skreiv at dei 3 åra han var ute og gjætte, var dei verste åra i hans barndom. ”Hadde alle de tårer jeg gret vært samla på ett sted, ville det ha blitt nok til å lauga seg i. Vi gikk på bandtresko og leggesokker og kom hjem om kvelden med sundrevne klær. ”

Ikke alle kom til snille mennesker og en kan vel lett forestille seg hvordan det var på toppen av hard gjæting i mange timer til dagen. Her bonden Nome (Jørgen Langhelle) frå filmen Yohan. Foto/Copyright: Penelope Film AS
Det var ikkje alle som kom til snille menneske. To barn frå Jerstad kom til Austlandet. Dei fekk så lite mat at de i svalt. Tenestejenta i huset ville hjelpa desse stakkarane og lurte unna potetskrell. Dette fekk kona i huset sett, at hjuringane åt opp maten for kalvane i fjøset. Når svolten gnog som verst, måtte dei eta mikkelsbærlauv. Det blei betre då dei kunne eta seg mette på mogne bær.
I bind 1, side 165 og 200 er fortalt om ei kone som døydde fra 6 barn i alderen 1 til 10 år. Alle desse måtte på gjætlebakken frå dei blei 7 år gamle. Dei 4 eldste kom til Iveland, Vegusdal og Herefoss. Vegen var lang, 10—15 mil over heier og dalar—med litt niste og ein liten bylt med klede på ryggen. Dei kom til gode heimar og fekk all den maten dei kunne eta. Dei gjætte i fleire år. Den yngste slutta i tenesten da han blei lova betre løn på ein einbølt gard. Der fekk han så lite mat at han sprang fra hjuringtina og krøteret og rømde 1/2 mil til nærmaste granne. Der fekk han arbeid som kjøregut for 1 kr. dagen og kosten.
Det var ikkje tale om skor og regnty i den tida. Dei gjekk barbeint heile sommaren eller på bandtreskor. Det var trebotnar med ei reim over.

Ikke alt kan ha gått smertefritt. Far Johannes (Dennis Storhøy)og Johan (Robin Pedersen Daniel). Foto/Copyright: Penelope Film AS
Dei måtte ut kvar dag i all slags ver og måtte ofte gå våte til skinnet heile dagen. Dei kunne ha gode dagar når veret var fint og krøteret gjekk rolig i samla flokk. I nistetina var det mange som hadde Pontoppidans forklaring og bibelsoga. Desse bøkene måtte dei læra på rams elles slapp dei ikkje fram for presten.
I 1860-åra kunne gjætaren møta både ulv og bjørn. Ole Gausdal gjætte i Knaben i Fjotland. Ein dag kom ein stor bjørn som gjekk og at gras ilag med krøteret. Eit år hadde han stedt seg til å gjæta på Ualand i Heskestad. Han gjekk til fots den lange vegen. Da han kom fram, hadde dei leiga ein annan gjætar og Ole måtte gå same vegen tilbake utan godtgjersle.
Det var trulig inga bygd som fostra så mange gjætarar som Kvinesdal. Dei gamle så at gjætarlivet var ikkje så ille som mange ville ha det til. Barna fekk læra å gjera nytte for seg. Dei fekk læra å stå på eigne bein og lita på seg sjølve og blei tidlig veslevaksne. Som 16-åringar bar det austover på borkefletting. Seinare finn ein dei att på emigrantbåtane på veg til Amerika, men dei fleste kom tilbake til Kvinesdal.
Av Ånen Årli
Historien som har dannet grunnlag for filmen Yohan
Barnevandringene på Sørlandet 1800-1910
Filmen tar utgangspunkt i arbeidsvandringene av barn som fant sted på Sørlandet på 1800 -tallet og fram til 1910. I begynnelsen av april hvert år dro barn fra små gårder i Kvinesdal, Hægebostad, Marnardal og Audnedal sammen i flokker, og samlet seg gjerne ved større steder, som blant annet Konsmo kirke. Herfra gikk de samlet fra de fattige indre bygdene i Vest-Agder til de rikere gårdene i Aust-Agder. Barnevandrere kom også fra Søgne, Evje, Birkeland og gikk videre østover.

Hele stien skal merkes; fra Kvinesdal i vest til Landvik ved Grimstad i øst. Foto: Siw Hemsetts blogg
Ofte måtte barna gå 15 – 20 mil til fots. Veiene barna fulgte gikk på tvers av dalene. Landskapet var den gang helt annerledes enn i dag. Det fantes nesten ikke skog, og utmarka ble brukt til beitemark. Noen deler av stiene som barnevandrerne fulgte er fremdeles å finne, selv om mye i dag er nedbygd av veier, jernbaner, dyrket og beplantet. På de rikere gårdene jobbet barna med blant annet fjøsstell, matlaging, slåtton, snekring og gjeting. På denne tida var det vanlig med ulv og bjørn, og de måtte gjete buskapen mot rovdyrene.
Barna fikk kost og enkel losji på gårdene, kanskje et par nye sko eller 50 kroner etter endt sesong. Arbeidet var hardt for barn i alderen fra 7 til 15 år. Noen kom til greie folk og ble behandlet godt, mens andre opplevde rene slavelivet.
Mange av barna emigrerte senere til USA, gjerne så snart de var konfirmerte, 15 eller 16 år gamle. Filmen bygger på sanne historier fortalt til Grete og Odd Hynnekleiv. To av kildene var barnevandrere i USA. De var da 99 og 100 år i 1991.
Du finner også en Facebookgruppe til dette emnet: Ikke glem barnevandrerne
Nettside til filmen: www.yohan.no
Prosjektansatt Siw Hemsett som skal arbeide med Barnevandringsstiene og et Barnevandringssenter i Audnedal kommune. Prosjektet er et samarbeid mellom 12 kommuner i indre Agder. Les hennes blog her: http://barnevandring.blogspot.com/
- Skulen blei forsømt til fordel for gjæting og løn til å redda familien frå fattigkassen. Foto/Copyright: Penelope Film AS
- Ikke alle kom til snille mennesker og en kan vel lett forestille seg hvordan det var på toppen av hard gjæting i mange timer til dagen. Her bonden Nome (Jørgen Langhelle) frå filmen Yohan. Foto/Copyright: Penelope Film AS
- Ikke alt kan ha gått smertefritt. Foto/Copyright: Penelope Film AS
- YOHAN (Robin Pedersen Daniel) Foto/Copyright: Penelope Film AS
- Foto/Copyright: Penelope Film AS
- Foto/Copyright: Penelope Film AS
- Hele stien skal merkes; fra Kvinesdal i vest til Landvik ved Grimstad i øst. Foto: Siw Hemsetts blogg

































Skriv en kommentar