Sett som startside
Midt på Kjølur med nistepakke. Foto: Anne Berit Erfjord

Midt på Kjølur med nistepakke. Foto: Anne Berit Erfjord

Kvinesdal Historielag planla tur til Island, var vi sikre på at vi ville til områda der landnåmsmennene frå Kvin tok land. Vi hadde lese om brørne Åsgrim og Åsmund Ondottsøner, om Botolv frå Kvin med sonen Skjegge og om Torgeir som overvintra i Hvinverjadalen.

Denne dalen ligg midt i landet på Kjølur og her går ein humpete sommarveg mellom to isbrear, Langjøkul og Hofsjøkul. Om vinteren kan ingen koma fram her.

Elva Hvitå kjem frå breane og lagar Gullfoss som er ein av dei vakraste og mest sette fossane på Island. På toppen av Gullfoss, såg vi Langjøkull som vi seinere skulle sjå i fleire timar på vegen over Kjølur.

Einaste ”oasen” i dette aude området, er Hveravellir i Hvinverjadalen som eigentlig ikkje er ein markert dal. På denne staden budde Torgeir frå Kvin ein vinter. Her er varme kjelder, ein liten turiststasjon og ein metereologisk stasjon. Vi i Kvinesdal har alltid sagt at dalen har namn etter kvindølane. Men enkelte islendingar vi talte med sa dalen hadde namnet Hvin fordi det var ei varm kjelde eller straum som lydde som kvining. Vi held på vår tolking, det er elles spesielt at både denne dalen og dalen Torgeir kom frå, hadde same namn. Vikingane brukte truleg 4-5 dagar på rideturen frå sør til nord. Vi kom over Kjølur same dag og vidare mot Akureyri. Her var grøne dalar med fine sauebeite.

Akureyri er sentrum i Nordlandet. Byen ligg i botnen av Eyafjordur og det var her landnåmsmennene frå Kvin busette seg. Gudmundur Sigvaldason, som var i Kvinesdal på Utvandrerfestivalen i 1998, var saman med oss denne dagen. Han viste oss Kræklingalid og Glerå der Åsgrim og Åsmund Ondottsøner slo seg ned. Etter sagaen var det Helge Magre på Kristnes som organiserte landnåmet, han, eller kona, var i slekt med dei alle. I vikingtida gjekk fjorden lenger inn i landet og steinen der dei bandt båten, ligg på land. Kristnes låg då rett opp frå fjorden. Helge Magre var ein av dei som hadde gått over til Kvite-Krist, men når han var i havsnaud ropte han på Tor.

Det var moro å koma til Kristnes og treffa dagens ”Helgi Magri”. Han og familien dreiv turisme og kona var kunstnar. Bussturen gjekk så til Husavik og Tjørnes. Her måtte Botolf frå Kvin gå på land fordi båten hans blei øydelagt. Sonen Skjegge tok land på Miklagard (nå Gardur) i Kelduhverfi som ligg søraust for Tjørnes. Gudmundur som var med oss, har vakse opp på garden til Skjegge og er nå rådmann i Kræklingalid. Dette området i nord med dalar og fjord kunne nok minna landnåmnsmennene om Kvin, men har høgare fjell enn Kvinesfjorden som var det gamle navnet på Fedafjorden.

Snorre Sturlason var etterkomar etter Åsgrim Ondottson. Kan henda dette er ein grunn til at Snorre har brukt Tjodolv frå Kvin som kjelde i kongesagaene.

Vi som var i denne vakre del av Island, vil seia at ingen kvindølar bør reisa til Island utan å ta ein tur til Eyafjordur i nord.

På heimesida til historielaget er fleire foto frå stadene.

Av: Anne Berit Erfjord


Annen relatert informasjon:

Les om Arnold Omlands tur til Island

Les om Uro i det gamle Kvin

Skriv en kommentar

Få gravatar/ikon på innleggene dine

Ingen kommentarer

Skriv en kommentar


www.kvinesdal.no

Et samarbeid mellom Kvinesdal Vekst, Kvinesdal kommune og Vest-agder Fylkeskommune.