På 1600-talet var Holland ei stormakt. Dei hadde koloniar i Asia, Afrika og Amerika, og skip som segla på alle hav. Fire femtepartar av alle skip i Vest-Europa høyrde heime i Holland. Til handelsflaten trong dei mange sjøfolk, og norske matrosar stod høgt i kurs. Til skipa trong dei eiketømmer, og kvart år kom hollandske skuter for å kjøpa tømmer i Norge. Dei trong pålar til hustufting. Dei sa at Amsterdam ”stod på Norge”. Slik blei det eit livleg samkvem mellom Holland og Norge.
Dette samkvemet sette djupe merke etter seg i Kvinesdal. Dei som dreiv handel i Kvinesdal, reiste til Holland og kjøpte varer. Såleis høyrer vi om Didrik Meyer, som handla på Øye i 1670-åra, at han hadde budt i Holland i mange år og blitt kalvinist der nede.
Og den kjente Valborg i Fara fekk nær tilknyting til Holland. Den første mannen hennar, Torjus Andersen, hadde vore der, og førde varer til Kvinesdal utan lov. I 1668 fekk han ei stor mulkt for han hadde kjøpt 8 anker brennevin og 4 kister tobakk som han ikkje betalde toll for. Han fekk og 10 riksdaler i bot for han hadde seld spekelaks, og måtte og stå til ansvar for eit rykte han hadde sett ut om ein annan Kvinesdals-handelsmann, Christen Søfrensen på Øye, at han hadde stole ein hund i Holland.
Valborg blei gift andre gongen med ein hollender, Corenlius de Zee. Han var kaptein og hadde eigen båt. Men i 1697 forliste skipet hans på veg til Holland, og han mista størsteparten av eigendomen sin.
Men den aller største flokken av dei som reiste ut, var vanlege bygdefolk, og det var mange frå Kvinesdal som drog. Inn Fedefjorden kom hollandske skuter, og både gutar og jenter lurte seg ut utan løyve. For ein måtte ha brev på at ein kunne reisa ut. I 1697 var Mads Hågensen Lindland reist til Holland ”uden Øfrighedens Tilladelse”. Lensmannen krov at alle hans ”Eyendele skulde tilfalde Hans Kgl. Majestet”. På tinget vitna Christen Bjelland at Mads var i Amsterdam ”og skulde begive sig ud i Orlog”. Mads var bror til Gunhild Hågensdatter Lindland (bd. 1, s. 634).
Utvandringa tok til etter 1600 talet. Den siste emigranten eg har funne nemnd, er Ståle Håversen Vestre Sandvatn. Han var fødd i 1782.
Men dei fleste som reiste ut, veit ein nok ikkje namna på. Det var ikkje mange som kunne skriva i den tida, og fleire reiste utan lov. Grunnane til at dei drog ut, kunne vera så mange. Mange reiste for å sleppa militærteneste, andre for å sleppa førebuinga til konfirmasjonen, men alle reiste for å få betre levekår. Jenter som var komen ”i ulykka” reiste for a sleppa å skrifta i kyrkja. Biskop Kærup i Kristiansand skreiv i 1738: ”Besovede Kvinfolk fare mod den Tiden, da de skal gjøre Barsel, med fremmede Skippere til Holland uden Pas og ligesaa hjemfare uden Pas og Bevis”.
I gamle skiftebrev finn vi nemnde 26 gardar i Kvinesdal som folk har reist fra til Holland. Dei første som reiste, var fra sjøgardane Øye, Lervik, Guse og Raustad.
Randi Andersdatter Øye reiste om lag år 1650. Ho blei gift i Holland og budde i Amsterdam. Son hennar var tømmermester. Han kalla seg Ole Dreiver og døyde barnlaus i 1724. To år seinare døydde også kona hans. Dei var rike folk. Arvingane etter Ole Dreiver i Norge fekk 1902 riksdaler og 18 skilling i arv. I 1728 krangla søskenbarna hans om delinga av denne arven.
Ikkje mange av dei som drog ut, let høyra fra seg. Men søstrene Ingeborg og Karen Bergesdatter Raustad kom til Holland, og i eit skifte finn vi at Karen skreiv brev heim i 1728 og i 1732.
Mannfolka fekk helst arbeide som sjømenn og håndverkarar. Jentene blei tenestejenter. Tre søstre fra Lervik budde i Holland samstundes. Som tenestejenter fekk dei god løn—100 gylden om året, er det sagt. Og i Norge var ikkje løna stor.
Dei fleste stogga i Holland for godt. Men nokre kom heim att: I kyrkjeboka for 1745 står: Ole Sobmundsen Biktjørn konen nylig kommen fra Holland. Børn: Dorthe Cathrine, døpt 17. November.
Ludvig Daae fortel at alle sønene til Johannes Aamodt og Elisabeth Godtzen reiste til Holland, og ingen kom att. Ho hadde vore gift før, med kapellanen Ole Vigedal. Dei hadde ein son, Ole. Han reiste til sjøs med ei hollandsk skute. Denne blei tatt av sjørøvarar, og mannskapet fanga. Dei kunne kjøpa seg fri mot løysepengar. Ole skreiv heim til stefaren, Johannes Aamodt, og bad han om å få utbetalt farsarven.
Men brevet blei sett inn i ein sprekk over bjelken i stova, der dei bruka å stikka inn gamle brev. Arven blei ikkje sendt, og langt om lenge kom bod om at Ole var død i fangenskap. Da mora fekk vita at mannen hadde gøyrnt brevet, og at sonen var død, blei ho sjuk og døydde kort etter.
Som nemnd var det helst fra sjøgardane dei reiste ut. Men dei kom og fra avstengde heiegardar i utkantane av bygda: Våskeland, Solbergstøl, Solbjørum, Gåseland og Togås. Vi høyrer om Claus Torgrimsen Solbjørum at han var i Holland og tente penger før han tok til som gjestgjevar på Øye i 1788.
Jakob Saxesen fra Togås var født i 1733. Han reiste tidleg til sjøs og lærte seg navigasjon. Så var han heime ein tur, og drog så til Holland. Ei tid segla han på Vest-India. Skipparen døydde, og Jakob blei kaptein i 2 år. Heim hadde han med seg ei klokke, ølkrus, bismervekt og ølglas. Han gifta seg i 1777 og kjøpte ein stor gard i Kvinesdal.
Hollandsfarten må ha sett sitt merke på bygdelivet i mest 200 år. Men etter kvart gjekk det tilbake med Holland si stormaktsstilling, færre og færre reiste ut og det blei heilt slutt. Det som er tilbake i dag, som minne fra denne tida, er hollandske namn som kom i bruk i Kvinesdal og andre bygder på denne tida: Arian, Bernt, Karnils, Claus, Evert, Jan, Reinert, Gesine og Juliane.
Av Ånen Årli





































kl. 10:44
Sambandet med Holland er ein viktig del av Kvinesdal-historia. I Kvinesdal Historielags årsskrift 1992 har Anstein Dyrli Lohndal skrive ein interessant artikkel om arven etter Ole Dreiver. “Den hollandske Arv”.
Varslekl. 11:27
[...] Frå Bygdebøkene: Utvandringa til Holland [...]
Varsle