Under årets Utvandrerfestival vart det Fjotlandsdag sundag 27. juni. I så høve hadde me en tur omkring på Fjotland Bygdemuseum som hadde åpent for anlede. Ikkje mange veit kor mykje verdifull bygdehistorie som her finnast. Vi kjem til å lage fleire ulike reportasjar og den fyrste er om Kvernhuset og Kverna av Trygve Eftestøl frå 1985.
Kvernhuset og Kverna
Kvernhuset var vanleg laftebygg og tekt med never og torv på taket.
Kvernkallen har ni skovlar som står på skrå i vinkel med vassrenna. I nedre enden av kallen er inndriven ein aksel som kallast Grunnlågen. Denne akselen kviler på eit jernstykke, Grunnpodda. Denne er festa til Grunnlågen. Til Grunnlågen er festa ein stokk, Letestokken, som går opp i kvernhuset. Med Letestokken kan ein lyfta heile Kvernkallen, og Oversteinen fylgjer med. Dette kunne stillast etter finleiken på mjølet.
I øvre enden av Kvernkallen er det også ein aksel som blir kalla Spennelen. Denne er festa til Siglet som er innfelt i Oversteinen. Spennelen går gjennom Understeinen som ligg fast på Luen. Som lager for akselen var eit trelager som kallast Bussen. Dette lageret kunne slitast slik at kornet singla ned ved akselen. Kverna matte da bussast. Det vart då drive trebløyar i Bussen.
Kornet som skulle malast vart turka på badstova eller i ”storegryta”. Men før det vart tømt i Via, måtte kornet dryptast. Drypt-troget var eit trog med ein sil i midten. Kornet skulle skagast, slik at smårusk gjekk gjennom silen. Avnene og lettkornet flaug over.
Når kornet vart fylt i Via, stoppa det på Matsvinet, eller Troa, som var festa med snorer, og kunne regulerast. Her er og ei lita luke som kunne regulera korntilførselen. Skagvollen
er ein stav som går gjennom eit hol i Matsvinet og ned på kvernsteinen. Den kornete steinen gjer sitt til at Matsvinet vibrerer, og slepp kornet ut og ned i auga på kvernsteinen. Siglet gjer sitt til at kornet vert slengt ut under kvernsteinane. Mjølet hamna i Mjølkista. For at ikkje mjølet skal blåsa ut på Luen, er det lagt ein boge rundt kverna som kallast Bauen.
For å føra vatnet ned på kvernkallen, var det laga ei Vassrenne. Vassrenna hadde ein Avslått som hindra vatnet i å kome ned på kvernkallen. Denne kunne opnast frå kvernhuset med ymse innretningar.
Det kan hende at kornet var for lite turka . Då ville kverna klina seg. Det måtte då malast turr sand som gjorde kvernsteinane reine.
Gåte om kvernkallen:
”Ni systre sit på ei nål og drikk av ei skål.”
Risnes 08.11.1985
Trygve Eftestøl
Kjelder:
Fjotland Bygdemuseum
Jan Kåre Rafoss sitt fotoarkiv
- Noen som kan navnet på delene inni kvernhuset på Risnes? Foto: Jan Kåre Rafoss
- Kvernhus ved Krågåna. Foto: Jan Kåre Rafoss juli
- Kvernstein frå Galdal frå ca. 1600 talet. Foto: Jan Kåre Rafoss
- Modell av fullt utbygd kvernhus. Laga av Trygve Eftestøl Risnes i 1985. Foto: Jan Kåre Rafoss
- Inne i kvernhuset ved Evjebekken på Risnes. Foto: Jan Kåre Rafoss 2003













































kl. 01:29
Ser fram til fleire innlegg. Interessant lesing. Setter også pris på dei flotte bileta.
Varsle