Vi vil med denne spalten digitalisere materiale fra bygdebøkene til gamle Kvinesdal kommune. Feda og Fjotland vil få egen spalte etterhvert. Vi vil forsøke å få personer til å kommentere enkelte innlegg fra dagens ståsted. Har du noe å bidra med så ta kontakt eller legg til en kommentar inni artiklene. I første omgang vil vi prioritere bind III – Kultursoga.
// Frå bygdebøkene
På 1600-talet var Holland ei stormakt. Dei hadde koloniar i Asia, Afrika og Amerika, og skip som segla på alle hav. Fire femtepartar av alle skip i Vest-Europa høyrde heime i Holland. Til handelsflaten trong dei mange sjøfolk, og norske matrosar stod høgt i kurs. Til skipa trong dei eiketømmer, og kvart år kom hollandske skuter for å kjøpa tømmer i Norge. Dei trong pålar til hustufting. Dei sa at Amsterdam ”stod på Norge”. Slik blei det eit livleg samkvem mellom Holland og Norge.
Dette samkvemet sette djupe merke etter seg i Kvinesdal. Dei som dreiv handel i Kvinesdal, reiste til Holland og kjøpte varer. Såleis høyrer vi om Didrik Meyer, som handla på Øye i 1670-åra, at han hadde budt i Holland i mange år og blitt kalvinist der nede. Les mer…

Ikkje mange bygder fostret så mange gjætara som Kvinesdal hevda Ånen Årli. Foto/Copyright: Penelope Film AS
Det er snart tid for premiere på barnevandringsfilmen Yohan og vi har derfor funnet en artikkel i Kultursoga om nettopp dette emnet. Premieredato for filmen er satt til 26. mars og Kvinesdal kommune skal verte åpning av barnevandrings stiene i Årli 4. juli. Selveste Kongehuset er invitert. Det er også interessant å lese historien bak filmen som har klare likhetstrekk med Ånen Årli sin beskrivelse i Kultursoga fra 1972.
Har du som leser historier eller annen faktainformasjon å bidra med til denne artikkelen så setter vi stor pris på at du legger inn en kommentar nederst. Les mer…
I dette bygdesamfunnet ved Kvin skulle det ved 900-talet koma til dramatiske og blodige hendingar. Men for å forstå det dramaet som nå skulle utspelast, må vi og kjenna den sosiale bakgrunn og dei mennene som skulle delta.
Vikingtida hadde vore ei rik ekspansjonstid, serleg for kyststroka. Både fra ville plyndringsferder og fra meir fredelege handelstog kom nye varer og rikdomar til landet. Bygdene var små bondesamfunn med stor klasseskilnad. Dei fleste bøndene åtte nok jorda si sjø1ve. Ein del var og leiglendingar; dei leiga og dreiv andre si jord. Lågast stod trælane, som hadde lite og ingen rett.
Men rundt i kvar bygd sat det og rike høvdingar, ofte av stor slekt, som hadde vunne seg ære og heider ved vikingferder og handel. Dei hadde både økonomisk og sosial makt og var førarane i bygda. Les mer…




































