Fjotland Kyrkje

http://www.kvinesdal.no/?p=12153
<iframe src="http://www.kvinesdal.no/embed/?guide=12153" style="width: 600px; height: 400px; margin: 0; padding: 0; border: 0;" frameborder="0" scrolling="no" marginheight="0" marginwidth="0" allowtransparency="NO"></iframe>

Langkyrkje, bygd i 1836 i tre. 300 sitteplassar og galleri.

Den fyrste kyrkja i Fjotland stod ferdig i 1737, mens kyrkja som i dag står på Fjotland vart bygd i 1835-36.

Til jubileet i 1936 vart det gjort mykje i kyrkja. Dei tok av den gamle malinga og strauk på ny. Det som fanst frå den fyrste kyrkja, blei sett opp att. Det var helst stolbard og dørar. Konservator Hendriksen stod føre arbeidet. Av bygdefolk var Gudtorm Eftestøl og Andreas Kvinlog med.

Det vart mykje utskjering i den gamle kyrkja, serleg på stolane. Utskjeringa er halden i ein roleg stil med godt tilpassa krullar. Det kan ein sjå av det gamle som blei flytt over i den nye kyrkja.

Det er ikkje så lite som er flytt over. I den nye kyrkja står ein kjerringstol og ein brurestol. Den siste ber årstalet 1687 og namna Aslak Tolefsøn og Tore Aslaksøn Håland (far og son). Det er nok ei gåve frå Aslak. Så er det att fleire stolsbard med dører. På ei står; ”Den stol hauar Aslak Tolefsøn bekostet…paa sine egne penge den 6 aprilis anno…” Årstalet er borte, men stolen er vel frå kring 1690.

Preikestolen til venstre i kyrkja er frå den fyrste kyrkja. Den nye preikestolen står til høgre, frå 1836. Det er sett slik for at det skulle sjå symmetrisk ut.